Gamlaløa på Frette.
Den gamle løa på garden vår skal visstnok vera den eldste i Etne, men konkret byggjeår er diverre uvisst. Løa vart delt i tida rundt 1862, då garden vart delt i bruk 1 og 2. Ho fekk ein grundig reparasjon kring 1920.
Løa er laga i grindverk, med ein lafta fjosdel inni. Det er hengeskutar i begge endar av løa.
Me har no fått tilsagn om støtte frå Kulturminnefondet, SMIL- midlar og litt støtte frå Hordaland Fylkeskommune, og skal hausten 2016 byrja med istandsetjing av gamlaløa.
Eit stort og kostbart prosjekt, som me vanskeleg kunne hatt råd til utan hjelp utanfrå! Me gler oss!