Frette ligg idyllisk til i den inste enden av Stordalsvatnet. I vatnet kan ein fiska aure og røyr mot ei lita avgift til Stordalen fiskelag. (Sjå Fiske).
Frette er også eit flott utgangspunkt for turar i naturen og fjellet. Haugesund Turistforening har merka løyper i store deler av Etnefjella, og har fleire sjølvbetjente hytter i gangavstand frå Frette.
På Frette-garden vår driv me hovudsakleg med sau. Me har også ammekyr som alle er ute på beite i sommarhalvåret. Som ein del av å stella det gamle kulturlandskapet, driv me også med litt uttak av Ved.
Det det vesle gartneriet er for tida øydelagt av storm. Det er planen at det skal gjenoppstå i ei sterkare utgåve seinare!
Neste store prosjekt er istandsetjing av Gamlaløa på Frette. Startar hausten 2016, og er gjort mogeleg med støtte frå Kulturminnefondet, SMIL- midlar og litt støtte frå Hordaland Fylkeskommune. Spennande!!
VELKOMMEN TIL OSS!
Fiska kan ein gjera både i fjellvatna, elva og i Stordalsvatnet.
Frette er eit fint utgangspunkt for flotte fjellturar.